Wednesday, 21 September 2011 23:37

Venstresida mistar ordførarvervet etter 86 år samanhengande i førarsetet

Written by  Tone Mannsåker

Klokka 16:00 måndag, kom bekreftinga.

Etter 86 år mister venstresida ordførarvervet i Odda.

John Opdal, Høgre, skal leia ein koalisjon beståande av Høgre, Senterpartiet, Nye Odda og Venstre med eit såkalla valteknisk samarbeid med Rødt - som sikrar fleirtalet.

Opplysningane kom under ein pressekonferanse tillyst av Høgre. Leiaren i Rødt, Terje Kollbotn, var til stades og han stilte eitt krav for å innga eit valteknisk samarbeid: Det vert inga privatisering av offentlege tenester i Odda kommune dei neste fire åra, eit krav den nye politiske leiinga i Odda kommune gjekk med på.

Roald Aga Haug (Ap) seier i samtale med Radio Folgefonn, at fleirtal mot privatisering var avklart alt på førehand, og seier at dét ikkje er eit argument for å velga vekk Arbeidarpartiet. - Den politiske styringa i Odda har alltid hatt eit lydhøyrt forhold til fagrørsla, seier han, - nettopp fordi det er kommunistane og sosialdemokratane som har har hatt toppvervet i kommunen.

Med Høgre på topp, må dette nødvendigvis verta annleis. Varaordførar i det nye kommunestyret, er Elisabeth Westerlund Hauge, Nye Odda.

Fortsatt satsing på Unesco er eit sentralt tema for dei fleste partia i alliansen, medan dei som no hamnar ute "i kulda"; Arbeidarpartiet og Demokratane, har eit mindre optimistisk syn på kva Unesco - status kan gjera for Odda.

Media

Additional information