Friday, 16 September 2011 12:05

Viser Arbeidarpartiets slitestyrke

Written by  Tone Mannsåker

 

Ordføraren i Odda, Gard Folkvord, seier at valresultatet for Arbeidarpartiet i Odda, er eit teikn på at innbyggarane ser at partiet har fokus på dei viktige sakene i kommunen. - Å mista eitt mandat, er ikkje meir enn normal slitasje etter fire år i posisjon

 

Partiet har vore utsett for massiv kritikk og ein spissa, valkamp i haust, seier Folkvord i samtale med JK Flattun (RF), - men resultatet for Arbeidarpartiet, viser at den slo heilt feil, så eg er veldig nøgd med resultatet. (Forts. under bildet)

Gard Folkvord

 

 

- Me har hatt fokus på det folk er opptekne av, dei viktige sakene, seier Folkvord, - politikk er først og fremst hardt arbeid, og mange har teke avstand frå den negative måten somme har drive valkamp mot oss på i år.

 

Folkvord gjer uttrykk for at det Odda treng i komande fireårsperiode, er eit breidt politisk fleirtal som kan styra utan den politiske usemja som har rådd i kommunestyret. - Me må koma ut av den situasjonen at alle voteringar endar med 14 mot 13 eller omvendt. Odda treng ingen reprise på det.

 

Arbeidarpartiet velger no eit forhandlingsutval som raskt skal gå i gong med forhandlingar med andre parti for å få breiast mogeleg samarbeid i det nye kommunestyret.

 

- Me går til forhandlingane med sjølvtillitt og respekt for andre mogelegheiter enn dei me umiddelbart ser. Poenget no må vera å få til ei stabilt, føreseieleg styring av kommunen dersom det er mogeleg.

 

- Det er eit privilegium å få vera ordførar i Odda og eg er takksam for den tillitten partiet har fått, seier Gard Folkvord.

 

Media

Additional information